Jobbsafari
Haramsøy barnehage-avdeling Longva, Haram kommune

Assistent

21 dager siden
OmrådeLongva
Søk senest27.9.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Vil du jobbe hos oss? Vi har no ledig 100% vikarstilling  som Assistent i Haramsøy barnehage på avdeling Longva .

Haramsøy Barnehage driv på to lokasjoner og avdeling Longva  ligg på Longva med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Avdelinga på Longva har 9 barn i alder 1-3 år. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.

I barnehagen vår søker vi deg som er aktiv, leiken, fagleg, engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innafor dei rammene ein har blitt einige om
  • Følgje opp den rettleiinga ein har fått
  • Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid
  • Gjennomføre observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt
  • Gi nødvendig informasjon og rettleiing til vikarar og nytilsette
  • Delta på kurs og opplæring som tilbys gjennom barnehagen
  • Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
  • Melde avvik og komme med forslag til forbetring i Compilo

Kvalifikasjonar

  • Levere godkjent politiattest av nyare dato.
  • Jobbe i tråd med barnehagelova.
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 18b.
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
  • Halde seg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar på personalmøter og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Relektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
  • Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø 

 Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Kari Kolseth, Tenesteleiar, 99371693, [email protected]


Arbeidsstad

Øvstevegen 212


6293 Longva


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4855968454


Stillingsprosent: 100%


Vikar


Startdato: 01.10.2024


Sluttdato: 13.07.2025


Søknadsfrist: 27.09.2024



Haramsøy barnehage-avdeling Longva, Haram kommune

BedriftHaramsøy barnehage-avdeling Longva, Haram kommune
Om bedriften

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Søk etter flere lignende stillinger