Jobbsafari
Kviteseid Skule

Årsvikariat som lærar inntil 200 % frå 01.08.24

1 måneder siden
OmrådeKviteseid
Søk senest10.6.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Vil du vere med på laget vårt?

Hva vi ser etter

Personlege eigenskapar:

-Du er ein tydeleg og varm klasseleiar, som ser alle elevar

-Du har fokus på kvalitet og høgt læringsutbytte hos elevane

-Du har god relasjonskompetanse

-Du bidreg i personalet med faglege innspel og positiv innstilling i arbeidet

-Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar

-Du har god fagleg og didaktisk kompetanse

-Du er løysingsorientert og har god samarbeidsevne

-Du er omstillingsdyktig og motivert for fagleg utvikling

-Du bør rekne med å få ansvar innanfor spesialpedagogikk


Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Arbeidsoppgaver

Vi søkjer etter dyktige og motiverte medarbeidarar som kan hjelpe oss med å vidareutvikle skulen.

Arbeidsoppgåver:

-Undervise i høve til LK20

-Gje god tilrettelagt undervisning til elevar på ulike faglege nivå

-Ha ein inkluderande praksis for å få med alle elevar i fellesskapet i klassa både fagleg og sosialt

-Samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og andre instansar for å gje eit best mogleg tilbod til alle elevar

-Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap

-Bidra til eit godt læringsmiljø

Vi tilbyr

Me er ein gjeng som har det kjekt saman på jobb og innimellom på fritida finn me på kjekke ting saman. Me stilte mellom anna lag i Holmenkollstafetten denne våren. Om springing ikkje er noko for deg har me bruk for eit HEIA lag som er like stort. I jobbane våre er barnet i sentrum og me stortrivs med ungane på skulen. Ta kontakt med vår sporty, gøyale og omsorgsfulle leiar, Odd-Arne om du vil høyra meir om skulen vår.

Kviteseid Skule

BedriftKviteseid Skule
Om bedriften

Kviteseid skule er ein skule med elevar frå 1-10 klasse. Me har trivelege born og vaksne. Me har eit godt arbeidsmiljø der me finn på kjekke ting i lag.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger