Hilde Kristin Røsvik

Arealplanleggar, vikariat

Område

Giske

Publisert

24.2.2026

Søk senest

11.3.2026

Om stillingen

Det er ledig eit 1 års vikariat som arealplanleggar frå snarast, med moglegheit for forlenging. Stillinga er direkte underlagt kommunalsjef Samfunn.  

Kommunalområde Samfunn, Teknisk eining, har omlag 66 medarbeidarar og har ansvar for arealplanarbeid, utbyggingsprosjekt, byggesak, kommunaltekniske anlegg, drift og vedlikehald av kommunale bygg, vegar, VA anlegg og grøntanlegg.  

Giske kommune er i sterk vekst og arbeidsoppgåvene er omfattande og spennande. 

Det pågår for tida eit stort arbeid med kommuneplanen sin arealdel. Planleggaren er sentral i kommunen sitt tverrfaglege planforum og vil samarbeide med leiinga og politiske organ. 

Kommunen har eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde. 

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. 

Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.  


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel 
  • Oppgåver knytt til pågåande arbeid med arealdelen 
  • Utarbeiding av reguleringsplanar 
  • Saksbehandling av reguleringsplanar og enkeltsaker ihht plan og bygningslova
  • Utgreiingsoppgåver
  • Gi fagleg rettleiing og informasjon
  • Digitalisering og produksjon av kartmateriale knytt til planarbeid
  • Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Relevant erfaring frå kommunalt eller anna planleggingsarbeid
  • Tydeleg fagleg engasjement og god arbeidskapasitet med fokus på heilskap og kvalitet
  • God digital kompetanse
  • God kjennskap til plan og bygningslov og GIS 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Den som blir tilsett bør ha sertifikat for bil 

Personlege eigenskapar

  • God på samarbeid og dialog.  
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø. 
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling 
  • Konkurransedyktig løn og fleksibel arbeidstid 

Kontaktinformasjon

Hilde Kristin Røsvik, konst. kommunalsjef Samfunn, 95053503

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5082785835
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.03.2026

Tilbake til toppen

Hilde Kristin Røsvik

Bedrift

Hilde Kristin Røsvik

Søk etter flere lignende stillinger

GiskeBygg og anlegg

Lignende stillinger

Kopier – Barona AS søker elektrikere

Barona

Drammen20.4. - inntil videre
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS