Jobbsafari
Sjukehusapoteka Vest

Apotekar til Sjukehusapoteket i Haugesund

18 dager siden
OmrådeHaugesund
Søk senest11.8.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det rundt 350 medarbeidarar, delt på fem sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. 
Vi er ein del av Helse Vest-regionen, og våre sjukehusapotek finn du på Haukeland universitetssjukehus, Førde sentralsjukehus, Haugesund sjukehus, Stavanger universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus. 
Hos oss arbeidar blant andre farmasøytar, apotekteknikarar, sjukepleiarar, anna helsepersonell, prosjektleiarar og medarbeidarar innan HR, økonomi, IKT og kommunikasjon.

Vår mangeårige og dyktige apotekar ved Sjukehusapoteket i Haugesund har søkt nye utfordringar, og vi ser etter hennar etterfølgar. Her får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit stort, variert og spennande apotek i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar - og du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Fonna. Du blir også ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.


Arbeidsoppgåver

  • øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling
    innanfor rammene til SAV
  • følgje opp og utvikle vidare samarbeid med Helse Fonna
  • ansvar for å utvikle og sikre tenestetilbod på dei fire verksemdsområda
  • overordna ansvar for vidare oppfølging av anlegg for ompakking av tablettar og kapslar til eindose

Kvalifikasjonar

  • Vi treng deg som har erfaring frå, trivst i og har forståing for leiarrolla i apotek
  • Du har master i farmasi og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek

Personlege eigenskapar

  • Du likar leiing og er genuint opptatt av å utvikle eiga leiargruppe og eigne leiarar innanfor gjeldande fullmakter
  • Du er opptatt av fagleg utvikling og interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget
  • Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
  • Du klarer å vere pragmatisk og handtere komplekse og pressa situasjonar

Vi tilbyr

  • ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
  • gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
  • støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
  • løn etter avtale 

Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tonje Folkvang, Administrerende direktør, +47 91144639


Arbeidsstad

Karmsundgata 120


5528 Haugesund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka Vest



Referansenr.: 4832403860


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 11.08.2024



Sjukehusapoteka Vest

BedriftSjukehusapoteka Vest
Om bedriften

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.

Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger