Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF

Anestesisjukepleiar

OmrådeBergen
Publisert3.6.2025
Søk senest29.6.2025

Om stillingen

Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar og vikariat i 1 år med mogleg forlenging. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg eller med 12,5t. vakter kvar 2, 3 eller kvar 4. helg. 30-40% av stillinga er anestesiarbeid. 

Stillingane er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.

Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Anestesioppgåvene blir planlagd i tett samarbeid med anestesilege, men som anesteisjukepleiar jobbar du sjølvstendig. Dei fleste anestesiar blir gjennomført i spontanventilasjon, utan intubasjon
  • Vi har anestesi til både barn og vaksne, 40% av pasientane er barn
  • Vi har for tida fire anestesisjukepleiarar
  • Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
  • Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar

Fra behov

Stillingen deles med fleire anestesi sjukepleiarar der en har kvar sin dag/helg med anestesi. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i anestesisjukepleie
  • Erfaring med anestesiarbeid frå operasjonsavdeling er ønskeleg
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
  • Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Vi søker ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til å oppnå kompetanse i behandling av pasientar med brannskadar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kurs for nye tilsette
  • Internasjonale kurs og konferansar
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Ulempetillegg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Vi er ei inkluderande arbeislivsbedrift (IA-bedrift) 



Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4969612465
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 30.06.2025

Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF

BedriftKirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Regional Manufacturing Excellence Manager

Mondelez International

Sverige7/4 - 7/18
Anbefalt