Jobbsafari
Anestesi Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Anestesisjukepleiar

2 måneder siden
OmrådeMolde
Søk senest7.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Er du vår nye anestesisjukepleiar?
Vi treng ein ny kollega til vår dyktige og hyggelege gjeng!  Her venter mange spennande og varierte oppgåver, i eit inkluderande og dynamisk miljø.

Anestesiseksjonen ved Molde sjukehus nyttar eit variert utvalg av moderne anestesimetodar, og har ein godt oppdatert utstyrspark.
Det vert utført ca 4500 anestesiar i året fordelt på gastrokirurgi, plastikkkirurgi, urologi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. I tillegg vert det gjeve anestesitjenester til radiologisk, medisinsk og psykiatrisk avdeling. Vi er også ein viktig del av akuttberedskapen ved Molde Sjukehus. 
Seksjonen har hyggelege og inkluderande tilsette og sjukehuset  er av perfekt størrelse. Alle kjenner alle, vi har eit godt tverrfaglig samarbeid og vi utfører eit bredt spekter av tjenester. Seksjonen satsar på fagleg kvalitet, utvikling og godt arbeidsmiljø.

Eit nytt sykehus for Nordmøre og Romsdal (SNR) byggast på Hjelset, og vi vil ta i bruk heilt nye arbeidslokaler frå 2025.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. 


Kvalifikasjonar

  • Spesialsjukepleiar  i anestesi
  • Må beherske norsk språk muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, ansvarsbevisst og fagleg engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i eit miljø med høgt tempo og varierte oppgåver

Vi tilbyr

  • God fagleg kvalitet og sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein hyggelig og inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Inger Kvam, Seksjonsleiar, +47 97094133, [email protected]


Arbeidsstad

Parkvegen 84


6412 Molde


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4769508557


Stillingsprosent: 100%


Vikariat


Startdato: 01.04.2024


Sluttdato: 24.08.2025


Søknadsfrist: 07.03.2024



Anestesi Molde, Helse Møre og Romsdal HF

BedriftAnestesi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Søk etter flere lignende stillinger