Jobbsafari
AMK, Helse Møre og Romsdal HF

AMK-operatør

1 måneder siden
OmrådeÅlesund
Søk senest22.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. 

Vi har ledig 1 fast 50% stilling, og søker Operatører i Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral - AMK Møre og Romsdal

Ynskjer du å vere ein del av teamet som er med på å sikre befolkninga rett helsehjelp til rett tid, når sekund og minutta tel?  Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK er nødtelefon - 113, for befolkninga i Møre og Romsdal, det viktigaste kontaktpunktet for rask og riktig akuttmedisinsk hjelp. 

AMK er eit viktig bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetjenesta i Møre og Romsdal, og medvirkar i dei fleste akutte pasientforløp. Alle nivå i helsetenesta, i samvirke med andre nødetatar, redningstenesta og andre aktørar bidreg til eit sterkt akuttmedisinsk hjelpeapparat utanfor sjukehus i Møre og Romsdal. Det skal innføres ei ny nasjonal IKT-løsning i AMK-sentralene. Tilsetting som AMK-operatør no vil gi dei rette kandidatene muligheten til å være med å utvikle morgendagens AMK-sentral
Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar. Det kan vere gode høve til forlenging.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Sjekk ut vår instagram amk_more_og_romsdal


Arbeidsoppgåver

  • Prioritering av henvendelsar
  • Medisinsk rettleiing og råd til innringarar
  • Koordinering av ambulansebilar, båtar, helikopter og fly innanfor helseforetakets ansvarsområde
  • Varsling av samarbeidspartnere i den akuttmedisinske kjeden. Tilrettelegge for kommunikasjon og samhandling mellom primær og spesialisthelsetjenesten forskjellige pasientforløp
  • Støtte helsetenesta i tilrettelegging for gode pasientforløp
  • Vere med å utvikle nødmeldetenesta i takt med samfunnet og helsetenesta sitt behov
  • Organisasjonsutvikling i Prehospitale tenester kan tilføre andre arbeidsoppgåver under tilsettingsforholdet

Kvalifikasjonar

  • Autorisert Ambulansearbeidar, autorisert paramedisiner eller autorisert Sjukepleiar
  • Klinisk erfaring innan akuttmedisin er ein styrke
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • God kompetanse i bruk av datasystem

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du er teamorientert, og setter teamets suksess øvst
  • Du er uredd for å arbeide sjølvstendig
  • Du meistrar stressande og hektiske arbeidsdagar
  • Du handterar samansatt informasjon, liker å søkje løysingar i komplekse problemstillingar
  • Du har evne til å utføre fleire oppgåver samtidig
  • Du er motivert for endring, utvikling og innovasjon
  • Arbeid i AMK er forbunde med særleg risiko for å komme i situasjonar der konsekvensane av sine handlingar er stor for tredjepart eller samfunnet som heilskap. Det stillast derfor særlige krav til aktsemd, oppmerksemd, evne til refleksjon og læring.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Ålesund sjukehus ligg omkransa av vakre fjell og fjordar med eit rikt naturlandskap. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge og er med sin vakre Jugendstilarkitektur viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Tore Paulsen, Seksjonleiar, +47 90085217, [email protected]


Arbeidsstad

Åsehaugen 5


6017 Ålesund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4827374570


Stillingsprosent: 50%


Fast


Søknadsfrist: 22.07.2024



AMK, Helse Møre og Romsdal HF

BedriftAMK, Helse Møre og Romsdal HF
Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger