Ambulansearbeider/Paramedisiner
Om stillingen
Dersom du søker utfordringar og ynskjer å vere del av eit profesjonelt team, vil vi gjerne ha deg med!
Vi har ledig 100% fast stilling for Ambulansearbeider/Paramedisiner.
Seksjon Smøla/Aure ambulanse er ein del av Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF, som organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket med ambulanse, båt-, luftambulanse og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113).
Vi er ein seksjon med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer, som alltid har fokus på best mogleg pasientbehandling.
Ved intern omrokkering kan annen stilling bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Vere fagleg engasjert og ansvarsbevisst
- Motivere og samarbeide godt med kollegaer
- Delta i undervisning og sertifiseringar
- Ta på deg faglege delegeringar i samsvar med prosedyrar og interne reglar
- Utføre interne arbeidsoppgåver
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldande for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
- Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.
Kontaktinformasjon
Kristin Todal Fuglevåg, Konst. Seksjonsleiar, [email protected]Arbeidsstad
Hjortåslia 26690 Aure
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4880139767
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024

