Jobbsafari
Høyanger ambulansestasjon

Ambulansearbeidar

1 måneder siden
OmrådeHøyanger
Søk senest2.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Høyanger Ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stilling:  

  • 100% fast stilling som ambulansearbeidar 
  • Oppstart etter avtale

Ambulansetenesta ligg organisert i avdeling for prehospitale tenester og AMK i kirurgisk klinikk. Tenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar. 

Høyanger ambulansestasjon har 12 årsverk og har 1 døgnbil i tillegg til 1 dagbil. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/ kalendarplan. 


Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1
  • Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
  • Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.  
  • Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.  
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.  
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning (årsstudium) som paramedic.
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig  
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vektleggast
  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulansearbeidar
  • Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan

Kontaktinformasjon

Kenneth Engdal, Kst. områdeleiar, 480 78 210


Kjartan Heggø, Områdeleiar, 415 30 507


Arbeidsstad

Leira 5


6993 Høyanger


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4813097156


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 02.06.2024



Høyanger ambulansestasjon

BedriftHøyanger ambulansestasjon
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger