Medisinsk poliklinikk og medisinsk sengepost FSS, Helse Førde

Allsidig og spennande stilling som sjukepleiar

OmrådeSunnfjord
Publisert12.3.2025
Søk senest25.3.2025

Om stillingen

Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost 2 har ledig fast kombistilling som sjukepleiar. Stillinga vil bli delt mellom einingane: 50% på poliklinikk og 50% på sengepost.

Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre.

I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
For denne stillinga vil det innebære primært arbeid innan behovstyrt poliklinikk IBD (innflamatorisk tarmsjukdom) og  infusjonsbehandling hovudsak innan IBD pasientar. Det vil vere ein fordel med erfaring innan fagfeltet og med poliklinisk arbeid.

Medisinsk sengepost 1 og 2  har totalt 32 senger og har eit tett samarbeid. Hovudfagfelta innan medisin 2 er mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing. Hovudfagfelta innan medisin 1 er nyre, endokrinologi  og hjartesjukdommar. Elles har vi mykje andre generelle indremedisinske problemstillingar som t.d infeksjonar.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i kombistilling, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager.

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. 

Vi brukar DIPS som journalsystem og ein vil bruke dette mykje i det daglege. På sengepost brukar ein elektronisk kurve i MEONA. 

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost og poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt. 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Inghild Espeland Mowatt, Seksjonsleiar medinsk sengepost 2, (+47) 578 39 304
Line-Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar medisinsk poliklinikk Førde, (+47) 910 08 356

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4934493015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2025

Medisinsk poliklinikk og medisinsk sengepost FSS, Helse Førde

BedriftMedisinsk poliklinikk og medisinsk sengepost FSS, Helse Førde

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger