Jobbsafari
Kviteseid Kommune Krodokk Dagsenter

Aktivitør/helsefagarbeidar i inntil 100 % fast stilling

1 måneder siden
OmrådeKviteseid
Søk senest23.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Er du ein energibunt som elskar å spreie glede og latter? Har du ei kreativ sjel og eit stort hjarte? Da er det deg me leitar etter til vårt fantastiske dagsenter!

Krodokk dagsenter har ein ledig plass til ei ny stjerne på deira lag, og me håpar det blir deg!

Hva vi ser etter

Dine kvalifikasjonar:

· Fagbrev som helsefagarbeidar eller aktivitør

· Førarkort kl. B

· Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming

Personlege eigenskapar:

· Gullhjarte: Du har eit brennande engasjement for å jobbe med menneske og eit stort hjarte for brukarane.

· Lattermusklar: Humor er din beste venn, og du brukar den flittig og på ein god måte til å skape stemning.

· Kreativ mastermind: Du boblar over av idear til aktivitetar og er ikkje redd for å prøve nye ting.

· Tryllekunstnar: Du har ei magisk evne til å gjere fleire ting samstundes, og du held hovudet kaldt i en travel kvardag.

· Superkommunikatør: Du er flink til å kommunisere, både med brukarar, pårørande og kollegaer.

· Tålmod til fingerspissane: Du har tålmod til å møte ein kvar person med ro, tid og romsamheit.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju

Arbeidsoppgaver

Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig:

Aktivitør/helsefagarbeidar i inntil 100 % fast stilling ved Krodokk dagsenter/Lundenjordet bufellesskap, med oppstart 02.09.24.

80 % av stillinga vil vera dagtid på Krodokk dagsenter, medan resterande prosent opp mot

100 % vil vera 3. kvar (kortvakter) eller 4. kvar (langvakter) helg ved Lundenjordet bufellesskap.

Arbeidsoppgåver:

· Aktivitetsmedarbeidar: Organisere og gjennomføre varierte og morosame aktivitetar som får fram smil hjå våre brukarar.

· Sosial sommarfugl: Skape eit trygt og inkluderande miljø der alle kjenner seg sett og høyrd.

· Problemknusar: Handtere utfordringar med eit smil og finne kreative løysningar på små og store problem.

· Laget er best: Samarbeide tett med kollegaer og medverke til et positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

På Krodokk kan du aktivt bidra til at dei herlege brukerane får ein meiningsfull og morosam kvardag full av spanande aktivitetar og sosialt samvær. Ingen dag er lik, og det er nettopp det som gjer jobben så gjevande og morosam. Det er berre din kreativitet som set grenser for kva me kan finne på!

Kviteseid Kommune Krodokk Dagsenter

BedriftKviteseid Kommune Krodokk Dagsenter
Om bedriften

Krodokk dagsenter ligg fint til i Kviteseidbyen.

Me er ein fin gjeng med godt humør der latteren sit laust. Me finn av og til på kjekke ting saman. Vår drivande leiar, Unni, gjer det til at me trivs og har det trugt og kjekt på jobb.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger