Aktiv jente søker assistentar i Volda
Om stillingen
📍 Arbeidsgiver: Mio BPA
📅 Tiltredelse: Snarest
📌 Stillingstype: Fast og tilkalling
⏰ Arbeidstid: Dag og kveld
- Er du klar for turar, trening og trivsel? Då kan det vere deg eg ser etter.
Hei!
Eg er ei aktiv jente på 16 år som bur i Volda. Eg søkjer deg som vil vere med på å gjere kvardagen min betre. Eg elskar å finne på ting både inne og ute; eg går både på symjing og volleyball, eg likar både å stå og gå på ski, og å sykle. Eg er glad i musikk, kino og teater/drama, så ein tur på slike aktivitetar vil eg gjerne. Eller kanskje sjå ein handballkamp i lag.
Eg har utviklingshemming og autisme, og derfor treng eg praktisk og personleg assistanse i kvardagen. Eg klarer ein del sjølv, men eg treng hjelp og støtte til å gjennomføre oppgåver og aktivitetar. Det vil seie at du også må kunne vere med på nokre av aktivitetane, vere med på å motivere meg og støtte meg, slik at eg opplever meistring i kvardagen.
🕒 Stillingstype og arbeidstid:
- Eg søkjer etter ein fast assistent og tilkallingsvikarar
- Fast stilling på inntil 56,3 %, som tilsvarer opp til 20 timer pr uke.
- Tilkallingsvikarar
- Arbeidstid
- Ettermiddag frå 1300 – 2100
- I helger: Enten dag, ettermiddag eller kveldstid. Dette kan variere basert på dei ulike aktivitetar som eg deltar på
- Fleksibilitet
🛠️ Arbeidsoppgåver:
- Personleg hygiene og påkledning
- Hjelpe meg med enkle husarbeidsoppgåver
- Følge til avtalar og aktivitetar
- Aktivisere og bli med på aktivitetar
- Være ein trygg støtte i kvardagen
- Assistere med kommunikasjon og struktur i dagleglivet
- Enkel matlaging
💫 Personlige egenskaper:
- Tolmodig og trygg
- Pliktoppfyllande og ærleg
- Godt humør og god på kommunikasjon
- Open for å lære og forstå individuelle behov
🎓 Kvalifikasjonar:
- Førarkort klasse B
- Plettfri politiattest
- Gode norsk kunnskapar
- Ikkje allergisk mot hund, har allergivennleg hund
Kvinner vert oppmoda om å søkje 😊
Kan dette vere noko for deg? Då håper eg du søker – eg gleder meg til å møte deg! 🙌
Ved spørsmål angående stillingen, kontakt rekrutterer Lars Tore Dystvold på epost: [email protected]. Søknader sendes inn via eget søknadsskjema.
Vi tilbyr:
- En meningsfylt jobb
- Erfaring fra helse- og omsorgssektoren
- Lønn etter tariff: Timelønn 225,40,-, kveldstillegg på 60,- og helgetillegg på 57,-
- Teoretisk og praktisk opplæring, i tillegg til relevante kurs
- Tett oppfølging med BPA-koordinator
- Fordelsportal med rabattavtaler på blant annet hotell, hvitevarer, nettbutikker etc.

