Tore Foldnes

Ågotnes skule

Område

Øygarden

Publisert

2.6.2026

Søk senest

12.6.2026

Om stillingen

Om avdelinga: 

Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halvtimes køyretur frå Bergen. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Til skulestart i 2024 fekk vi eit nytt og oppgradert uteområde. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.

Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av elevar med særskilte behov i SFO/ferie-SFO
  • Generelt arbeid i SFO
  • Arbeid i ferie-SFO

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Erfaring frå arbeid i skule og arbeid med elevar med særskilte behov
  • Førarkort Klasse B

Ønskjeleg med:

  • Ønskjeleg med fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar
  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk (for assistentar/fagarbeidarar) eller liknande fag
  • Ønskjeleg med livredningskurs basseng eller vilje til å ta dette

Personlege eigenskapar:

  • Du er ein varm og raus vaksen
  • Du er engasjert i korleis ein kan skape eit godt SFO- og arbeidsmiljø, der både elevar og kollegaer lærar og utviklar seg
  • Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler

Anna:

  • Fordel om ein disponerar eigen bil

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt: 

Tore Foldnes

Rektor Ågotnes skule

Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Tore Foldnes

Bedrift

Tore Foldnes

Søk etter flere lignende stillinger

ØygardenUtdanning

Lignende stillinger

Arbeidsleder for installasjon, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo8.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS