90% fast stilling som helsefagarbeidar i pleie og omsorg
Om stillingen
Om stillinga
Stillingsstørleik: 90%
Stillingstype: 2 delt turnus med 364 helgetimar som kan ha ulik helgevariant som løysing (langvakt kvar 4. helg, ordinære vakter kvar 2. helg eller kombinasjon kvar 3. helg)
Det vert gjeve økonomisk kompensasjon for helgetimar ut over 255 i turnus gjeldande 2024/25
Stillinga er plassert i kommunen sitt regulativ i samsvar med tariffavtale. Stillingskode 7076
Helsefagarbeidarar med godkjent medisinkurs får kr 17 000 på årsløn i funksjonstillegg
Arbeidsoppgåver
Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningslinjer
Leggje til rette for brukarmedverknad
Yte personleg bistand, pleie og omsorg
Miljøskapande arbeid i avdelinga
Ivareta dokumentasjonsplikt
Bidra til at utvikle og vedlikehalde kvaliteten på det faglege arbeidet
Rettleie og informere pasientar, pårørande, kollegaer, studentar, elevar, og lærlingar
Medverke til fullt forsvarleg, helsefremjande og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjenning/autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Det er ynskjeleg med godkjent medikamentkurs, men ikkje eit krav
Førarkort klasse B
Beherske norsk -- både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Evne til å gjera sjølvstendige vurderingar og ta eigne faglege avgjerdslar
Evne til å skape gode relasjonar
Gode samarbeidsevner
Utviklingsorientert
Initiativrik og engasjert
Målretta og strukturert
Positiv og lojal
Me tilbyr
Ein arbeidsgjevar som satsar på heiltidskultur med gode turnusordningar der tilsette kan kome med innspel til eigen turnus
Godt arbeidsmiljø
Moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Moglegheit til å søkje støtteordningar og tilrettelegging for relevant vidare og etterutdanning
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Helsefagarbeidarar i 2 delt turnus med godkjent medisinkurs får kr 17 000 på årsløn i funksjonstillegg
Bedriftshelseteneste
Moglegheit til å leige Eidfjord kommune si hytte på Hardangervidda
Andre opplysningar
I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden.
I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Gyldig arbeids- og opphaldstillating er eit krav.
Søknad med CV sender du på elektronisk skjema, arkivsak nr 25/37.
Kontaktopplysningar
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Margunn Lægreid tlf 414 68 449 eller kommunalsjef Karin Flatabø Thrane, tlf. 951 38 645.
Eidfjord Bygdaheim
Bygdaheimen er basen i pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord kommunen. Sjukeheimen var ny i 2019 og ligg nydeleg til på Brotkanten. Tenesta er integrert noko som betyr at dei tilsette jobbar fleksibelt både på Bygdaheimen og i heimetenesta. Me har fokus på kvalitet og har sidan 2013 årleg delteke i nettverk i regi av USHT. Tenesta har digitalt varslingssystem på Bygdaheimen og digitale tryggleiksalarmar knytt til heimetenesta.
Tenesta arbeider med heiltidskultur. Målet er mellom anna å finne nye måtar å organisere arbeidet vårt på, slik at me sikrar rett kompetanse på rett stad, til rett tid. Hjå oss brukar me årsturnus når me lagar arbeidsplan, dette gjev deg moglegheiter til å vera med å påverke eiga arbeidstid. Lange vakter i helgene gjev moglegheit til å få periodar med turnusfri for deg og gjev oss moglegheit til å gje kollegaene dine høg stilling. At me nyttar langvakter på helg gjer at me er meir faste tilsette på jobb også på helg, noko som gjev god kontinuitet.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
API Architect
Kongsvinger - Ponsse AS - Publisert 12.2.2025Cabin Crew
Er du vår nye salgsagent? Vi søker deg med engasjement og pågangsmot som søker nye utfordringer
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025LABOUR LAWYER NORWAY
Gardermoen - Barona Norway - Publisert 13.2.2025District Manager
Oslo - Barona Norway - Publisert 13.2.2025