Ingeborg Einemo Frøysland

50 % fast jordmorstilling

Område

Lærdal

Publisert

4.5.2026

Søk senest

1.6.2026

Om stillingen

Kvinneklinikken - God start ved Lærdal sjukehus søkjer jordmor i 50 % fast stilling.    

Om God Start-eininga
God start er ein del av Kvinneklinikken i Helse Førde. Vi arbeider tett saman for å sikre god kvalitet av helsetenesta for mødre, den nyfødte og den nye familien. 

God start tilbyr barselomsorg, følgeteneste for gravide, svangerskapspoliklinikk samt poliklinikk for mor/barn. Avdelingen samarbeider tett med helseforetaket og kommunar for vidareutvikling av høg kvalitet av tjenester vi tilbyr. 

Arbeidsstaden er i Lærdal med eit triveleg arbeidsmiljø med høg jordmorkompetanse. 


Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og rettleiing av nybakte foreldre
  • Jordmorfagleg ansvar for følgetenesta
  • Jordmorfagleg ansvar for poliklinikk for mor og barn
  • Jordmorfagleg ansvar for svangerskapsomsorg
  • Dataverktøy knytt til avdeling
  • Nødfødestove
  • Bidra til kvalitet- og pasientsikkerheitsarbeid og fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå jordmorfaget er ein fordel, men det er ikkje eit krav
  • Tilleggskompetanse innan helse, vidareutdanning eller anna vil bli vektlagt, men er ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling gjennom fagdagar, kurs og hospitering etter ønskje 
  • Turnus tilpassa den ansatte med moglegheit for pendlarturnus kvar 6.veke i 50 % stilling
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Pendlarbustad 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingeborg Einemo Frøysland, Seksjonsleiar God Start Barsel LSH, (+47) 57 64 02 00

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6887 LÆRDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5123728134
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 15.06.2026
Søknadsfrist: 01.06.2026

Tilbake til toppen

Ingeborg Einemo Frøysland

Bedrift

Ingeborg Einemo Frøysland

Søk etter flere lignende stillinger

LærdalHelse og sosial

Lignende stillinger

Kundeservicemedarbeider deltid, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo17.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS