40% fast stilling som barne- og ungdomsarbeider

OmrådeBremanger
Publisert31.10.2025
Søk senest23.11.2025

Om stillingen

Ved Davik oppvekst er det ledig ei 40 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 02.02.2026. 

Davik oppvekst er eit oppvekstsenter med barne- og ungdomsskule. Driftseininga har 2 barnehagar - ei avdeling på Davik, og ei avdeling på Kolset for born i alderen 1 – 6 år. Personalet kan bli brukt fleksibelt mellom dei to avdelingane.

Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til  PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking

Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagbrev
  • Erfaring og kompetanse innan arbeid med barn som har spesielle behov
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

Andre med relevant erfaring kan også søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir.  Alle ordningane finn du her.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning.  SPK.no- Statens pensjonskasse  for undervisningspersonale og  KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Kontaktinformasjon

Helge Bakke, Driftssjef, +47 95985264

Arbeidsstad

Sørsida 1801
6730 Davik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5036200839
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025

Bakke Helge

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Ringen akuttinstitusjon for ungdom søker to heltidsstillinger dag/kveld

Oslo kommune, Barne- og familieetaten

Oslo16.12. - 1.7.
Ny