Jobbsafari
Kviteseid Omsorg- og meistring

2.gongs utlysing - ergoterapeut 100 % fast stilling

22 dager siden
OmrådeKviteseid
Søk senest31.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Ergoterapitenesta ligg i same hus som fysioterapeutane våre, heimetenesta, kjøkken og vaskeri og omsorgssenteret.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

• Autorisasjon som ergoterapeut

• Interesse for faget og utvikling av dette

• Førarkort klasse B

• God digital kompetanse

• Må kunne beherske norsk godt, munnleg og skriftleg

• Det er ynskjeleg med erfaring frå kommunal helseteneste og hjelpemiddelformidling

Personlege eigenskapar:

• Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert

• Kunne jobbe sjølvstendig og ha stor arbeidskapasitet

• Vera innovativ og nytenkande

• Halde seg fagleg oppdatert

Ein må disponere eigen bil i stillinga.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:

• Kartlegging, tilrettelegging og funksjonstrening for å fremje meistring, aktivitet og deltaking

• Hjelpemiddelformidling, tilpassing og oppfylging

• Rettleiing av andre faggrupper, pårørande og brukarar

• Tverrfagleg samarbeid

• Deltaking i kommunen sitt meistringsteam og demensteam

• Vera kommunen sin synskontakt

• Deltaking i kommunens innføring av veldferdteknologiske løysingar

• Medverke til fag- og kvalitetsutvikling av tenesta

Vi tilbyr

Ein kjekk arbeidsplass med kort veg til einingane. Godt arbeidsmiljø der me finn på mykkje kjekt. I Kviteseid har me fleire fritidstilbod, mellom anna golfbane, alpinanlegg, klatrevegg og andre kjekke aktivitetar for born og unge.

Kviteseid Omsorg- og meistring

BedriftKviteseid Omsorg- og meistring
Om bedriften

Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark med kort veg til vest, øst og sørlandet. Me har skjønn natur. Me har golfbane, klatrevegg og kjekke fritidstilbod til born, unge og vaksne. Om vinteren er det mogleg å gå på ski og køyra alpint. Me har skiannlegg i Vrådal, berre 15 minuttars køyring frå Kviteseid sentrum.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger