Jobbsafari
Ullensvang kommune Eigedom og miljø

2 årig prosjektstilling ved Bygg- og eigedom

1 måneder siden
OmrådeOdda
Søk senest12.5.2024
JobbdetaljerProsjekt

Om stillingen

Prosjektstilling 2 årig - Bygg- og eigedom stillingsstorleik 100 %

Ullensvang kommune har ledig ein 2 årig prosjektstilling med muligheter for fast ansettelse. Me ser etter deg som ynskjer å ta del i å utvikle eigedomsforvaltninga i kommunen. Bygg- og eigedom er organisatorisk lagt under kommunalsjef område teknikk og miljø og har som hovudoppgåve å forvalte kommunens eigedomar og arbeidsoppgåver er til dømes avtalar om kjøp/sal, utbyggingsavtalar, internkontroll, FDV, internkontrollsystem, rapportering mot offentlege mynde, sakshandsaming, felles driftssystem/dataverktøy for andre interne brukarar i Ullensvang kommune.


Arbeidsoppgåver:

  • Opparbeide og ajourføre bygnings- og eigedomsbasen i kommunen sitt drifts- og vedlikehaldsprogram.

  • Registrere og ajourføre grunneigedomar som Ullensvang kommune eig i matrikkelen. 

  • Opparbeide brannbok.

  • Mindre driftsprosjekter.

  • Tilstandsanalyser på bygningsmassen.

  • HMS-rutiner

  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillingen.


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Bygningsingeniør eller tilsvarende relevant utdanning. 

  • Eigedomsforvaltar kompetanse eller tilsvarende relevant utdanning. 

  • Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

  • Gode digitale ferdigheiter.

  • Praksis frå kommunal forvaltning på ulike områder.

Personlege eigenskapar:

  • Raus og omgjengeleg

  • Ser på seg sjølv som viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

  • Har erfaring i å samhandle med mennesker.

  • Kunne sjå samanhengar mellom oppgåver i tid og kompleksitet

  • Ha gjennomføringsevne/kraft

  • Gode samarbeidsevner

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid

  • Lønn etter avtale

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen


Link til søknadsskjema:

Søk her

Ullensvang kommune Eigedom og miljø

BedriftUllensvang kommune Eigedom og miljø
Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Søk etter flere lignende stillinger