Hilde Gretha Hauge
100% vikariat som vernepleiar
Om stillingen
I Bremanger kommune, for tida ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Hamretunet i Open omsorg indre – er det ledig eit 100 % vikariat som vernepleiar.
Vi arbeider i årsturnus, der du har moglegheit til å ønske deg langvakter og påverke eiga arbeids- og fritid.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
- har utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar
- trivst med å arbeide i team
- er løysingsorientert og positiv til endringar
- kan leggje fram politiattest av nyare dato
- meistrar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- har førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
Vi ønskjermotiverte, fagleg engasjerte og sjølvstendigemedarbeidarar som trivst med å arbeide med menneske.Du brukar faget ditt aktivt for å bidra til best mogleg kvardag for brukarane, og du er ikkje redd for å ta del i bådemiljøarbeid, pleie og rettleiing.
Det er viktig at du likar å vereaktiv, engasjert og til stadesi arbeidet.Serviceinnstilling og personleg eignaheitvert lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her .
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5032263366
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.11.2025
Hilde Gretha Hauge
BedriftHilde Gretha Hauge

