Nic Morten Eilertsen

100% vikariat som fysioterapeut

Område

Gol

Publisert

2.6.2026

Søk senest

14.6.2026

Om stillingen

Gol kommune har eit ledig vikariat som fysioterapeut i ein 100% stilling med oppstart frå hausten 2026 og med varighet ut året 2027. Stillinga er lokalisert til fysio- og ergoterapitenesta som er eiga avdeling på Gol Helsetun. På avdelinga vil det vera totalt 3 fast tilsette fysioterapeutar og 1 ergoterapeut som har avtaleheimel med kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggande tiltak og behandling til heimebuande eldre med funksjonsvanskar
  • Hjelpemiddelformidling til heimebuande
  • Poliklinisk behandling på fysioterapiavdelinga
  • Gruppetrening på treningsrom og i basseng
  • Eldre på helsetunet

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk

Vi søkjer ein medarbeidar som har:

  • Interesse og engasjement for å tilby gode tenester for eldre i samarbeid med andre
  • Tilleggskompetanse frå kurs eller videreutdanning innan fagområdet fysioterapi for eldre
  • Evne til å motivere
  • Evne til å arbeide løysingsorientert og fleksibelt
  • Evne til å arbeide effektivt og sjølvstendig med polikliniske pasientar

Vi tilbyr:

  • Interessante arbeidsoppgåver og friheit til å bidra til utvikling av kommunens helsetenester
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Eit god fagmiljø
  • Lønn etter utdanning og ansiennitet
  • Tenestepensjon

Anna:

  • Politiattest må leggast fram
  • Det vil bli kalla inn til intervju, og det vil bli lagt vekt på å vera personleg egna for stillinga.
  • I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

  • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju
  • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Nic Morten Eilertsen

Bedrift

Nic Morten Eilertsen

Søk etter flere lignende stillinger

GolHelse og sosial

Lignende stillinger

Sr. HPHT Drilling Engineer (with Operational Duty)

Ikm Gruppen AS

Stavanger11.6. - 16.6.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS