100 % stilling som arbeidsrettleiar
Om stillingen
Vil du vere med og skape ein meiningsfull arbeidskvardag for andre? Skjåk kommune har ledig 100 % fast stilling frå 01.01.2026.
Stillinga er tilknytt sysselsetting Lom og Skjåk og har Skjåk kommune som vertskommune. Dette er ein tilrettelagt arbeidsplass med ei brei målgruppe. Vi har nå flytta til nye lokale i Bismo, og vi ynskjer å knyte tettare samarbeid med det lokale næringslivet i Lom og Skjåk. Vi har ambisjonar om å tilby tenester både ute i verksemdene og frå våre eigne lokale.
Fellesnemnaren for våre arbeidstakarar er at dei mellombels eller varig står utanfor ordinært arbeidsliv, men har eit ynske om å vere i arbeid. Vi driv vår eigen bruktbutikk og har ei produksjonsavdeling der vi lagar eigne varer .
Arbeidsoppgåver
Rettleie og motivere arbeidstakarane våre
Tilretteleggje for meistring og sjølvstende
Knyte relasjonar med lokalt næringsliv
Delta på samarbeidsmøte med våre partnarar
Lage system og planar for den enkelte arbeidstakar
Yte støtte og bistand ved behov
Kvalifikasjonar
Arbeidserfaring frå praktisk arbeid er ein fordel
Erfaring frå arbeid med opplæring/rettleiing vil bli vektlagt
Ynskje om relevant utdanning på fagarbeidarnivå
Førarkort for bil
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og vi vektlegg at du
har gode kommunikasjonsevner.
har gode samarbeidsevner.
har evne til å ta initiativ og kome med nye idear.
har pedagogiske eigenskapar.
er løysingsorientert.
er ein relasjonsskapar og rollemodell.
er tolmodig og fleksibel.
er strukturert og ryddig.
trivst med fysisk aktivitet.
har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
har forståing for at brukargruppa har funksjonsvariasjonar og samansette utfordringar, og du møter kvar enkelt med respekt, tilrettelegging og tru på deira moglegheiter til å delta i arbeid.
Ved tilsetting vil arbeidsgjevar vektleggje kva for motivasjon søkjar har for å gå inn i stillinga, og aktuelle søkjarar vil bli utfordra på kva ein ser som viktig ved ei slik teneste.
Kopi av vitnemål og attestar skal vere med til intervju, og søkjarar som vert invitert på intervju vil få eit case ein blir utfordra på å seie noko om under intervjuet.
Vi tilbyr
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest.
Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med Jo-André Sperstad Fjeld, leiar sysselsetting Lom og Skjåk, mobil 45337913 .
Søknadsfrist 30. november 2025
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren


