100% fast stilling som styrar i Modnen barnehage
1 måneder sidenOm stillingen
Om stillinga
Vil du jobba i eit miljø prega av glede, humor der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.
Arbeidsoppgåver
Leia og følgja opp det pedagogiske arbeidet med planlegging, vurdering og utvikling av barnehagen sitt innhald og arbeidsmåtar, i samarbeid med dei pedagogiske leiarane
Leia arbeidet med å organisera barnehagen sine oppgåver og ressursar
Personalansvar
Foreldresamarbeid
Samarbeid med tverrfaglege team
Samarbeid med leiinga på skulen
Utvikla barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar
Kvalifikasjonar
Godkjent 3-årig barnehagelærarutdanning
Styrarutdanning/leiarutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav
Erfaring som leiar
God arbeidskapasitet
God skriftleg og munnleg framstilling; nynorsk vert nytta som skriftform
Høg digital kompetanse
Kunne arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
Personlege eigenskapar
Har evne til å ivareta og vidareutvikla barnehagen sitt leike og læringsmiljø
Er strukturert og systematisk både på kort og lang sikt i arbeid med å oppnå gode resultat
Har evne til å samarbeida og setja retning
Er nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
Er opptatt av å vera synleg overfor born, tilsette og foreldre og samtidig har evne til å få folk rundt seg til å trivast
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
Spennande og varierte oppgåver
Konkurransedyktig løn
Faglege og engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle
6 planleggingsdagar i året
10 leiardagar per år
Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane
Barnehagen held stengt i påskeveka og i romjula
Betre bemanningsnorm enn det dei sentrale føringane tilseier
Hjelp til å skaffa husvære
Tilsetjingsvilkår
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jmf. barnehagelova § 30
Modnen Barnehage
Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Det er ca 20 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.
Som leiar vil du ha det daglege ansvaret med ulike oppgåver og ansvarsområde, og du får du mange dyktige medarbeidarar med på laget. Det er brei tverrfaglegheit i personalgruppa.
Barnehagen jobbar prosjektbasert og ein legg stor vekt på born sin medverknad når ein går i gang med planlegging av nye prosjektperiodar gjennom året.
Lignende stillinger
Cabin Crew
API Architect
Vil du jobbe som kundeservicemedarbeider på Kreta med betalt bolig? Eller foretrekker du heller storbylivet i Athen?
Hellas - Jobsun Aps - Publisert 22.10.2024Vi søker vikarer (barnehagelærer, Barn-og ungdomsarbeider, assistent)
Trondheim - Duttestien Barnehage AS - Publisert 5.11.2024Er du vår nye produksjons kollega / sjåfør ?
Oslo - Cridthvidt AS - Publisert 5.11.2024Supplier Quality Analyst
Kongsberg - TechnipFMC - Publisert 5.11.2024