Jobbsafari
Eidfjord Kommune Helsetenester

100% fast stilling som helsesjukepleiar

OmrådeEidfjord
Publisert20.1.2025
Søk senest8.2.2025

Om stillingen

Om stillinga

Eidfjord kommune søkjer deg som er brennande engasjert i barn og unge si helse og trivsel, og som ynskjer å vere ein nøkkelperson i lokalsamfunnet vårt! Dette er ei 100% fast stilling som helsesjukepleiar der du også vil ha ansvar for dagleg drift.

Me ser etter ein person som trivst med å jobbe sjølvstendig i eit oversiktleg fagmiljø, og som ønskjer å byggje nære og tillitsfulle relasjonar med born, unge og familiar. I denne stillinga vil du kombinere varierte helsesjukepleieoppgåver med fag- og administrativt ansvar.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og fagleg ansvar for helsestasjonstenesta.

  • Oppfølging av barn og unge i alderen 0--20 år,inkludert helsestasjon og skulehelseteneste.

  • Førebyggjande helsearbeid, helseundersøkingar og vaksinering

  • Samtalar med barn og foreldre, samt foreldrerettleiing individuelt og i grupper.

  • Koordinering av oppfølging for barn, inkludert ansvarsgrupper og individuell plan.

  • Dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande krav.

  • Vidareutvikling av tenesta og samarbeid med andre fagområde i kommunen.

  • Noko kveld- og ettermiddagsarbeid må påreknast.

  • Tett samarbeid med barnevern, PPT, skular og andre relevante instansar.

  • Rapportering, planlegging og koordinering av tenesta.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar.Relevant erfaring frå helsestasjon, skulehelseteneste eller førebyggjande arbeid.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drift og organisering.

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

  • Grunnleggande IKT-kompetanse

  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet.

  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast.

  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg.

  • Du må lika utfordringar, verre engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar.

  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap

  • Gode kommunikasjonsevner.

Me tilbyr

  • Lønn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø.

  • Gode pensjonsordningar.

Tilsetjingsvilkår

  • Førarkort klasse B

  • Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Arbeidsspråket er nynorsk.

Andre opplysningar

I Eidfjord kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg eller med barn, unge og funksjonshemma vise politiattest før tilsetning. Denne må visast ved tilbod om tilsetjing og skal ikkje leggjast ved søknaden.

I samsvar med offentleglova kan me vera forplikta til å offentleggjere opplysningar om søkjarar som har bedt om å verta unntatt offentlegheit. Gyldig arbeids- og opphaldstillating er eit krav.

Søknad med CV sender du på elektronisk skjema, arkivsak nr 25/58.

Kontaktopplysningar

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef helse og omsorg Karin Flatabø Thrane tlf 951 38 645 eller leiande helsesjukepleiar Anne Myklatun tlf 902 46 531.

Eidfjord Kommune Helsetenester

BedriftEidfjord Kommune Helsetenester
Om bedriften

Om Eidfjord

Eidfjord ligg inst i Hardangerfjorden, med fjord, fjell og vidde som næraste nabo. Kommunen har om lag 960 innbyggjarar, men er stor både i areal og hyttebygging. I avstand ligg me ca. 1,5 timar frå Geilo, 45 minutt frå Voss og 2,5 timar frå Bergen. I Eidfjord bur du i distriktet, men samstundes rett i nærleiken av hovudvegen mellom aust og vest. Her får du friluftsliv utan kø, både grøn vår og kvit vinter innanfor 30 minutt, moglegheit til garnfiske på statsallmenninga og tilgang til kommunal hytte i Hardangervidda nasjonalpark.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger