Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune

100% årsvikariat 2025/26, faglærar programfag Teknologi og industrifag (TIF)

OmrådeVindafjord
Publisert9.6.2025
Søk senest2.7.2025

Om stillingen

Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.   
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel. 
For meir info: www.olen.vgs.no

Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen.  Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.   


Arbeidsoppgåver:

100% årsvikariat  faglærarstilling i programfag på teknologi og industrifag, fordelt med undervisning både i Sandeid fengsel og på skulen i Ølen.

Kvalifikasjonar:

Krav til stillinga:   

  • Relevant fagbrev innan mekaniske fag
  • Kompetanse innan særlege emne som er aktuelle for kursverksemd i Sandeid fengsel 
  • Godkjend pedagogisk utdanning                  
  • Godkjend politiattest (ordinær- og utvida attest for undervisning i fengsel)

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Erfaring som industrimekanikar eller innan plate/sveis
  • Undervisningserfaring

Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Personlege eigenskapar  vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt. 

Personlege eigenskapar:

Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.

For stillinga gjeld:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
  • Det må sendast elektronisk søknad

Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Johannes Langhelle tlf. 91786755 , ev. pr. mail: [email protected]

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.

Kontaktinformasjon

Johannes Langhelle, Avdelingsleiar, 91786755, [email protected]

Arbeidssted

Litlehagen 2
5580 Ølen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune

Referansenr.: 4983212874
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.07.2025

Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune

BedriftØlen vgs, Rogaland fylkeskommune
Om bedriftenRogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber for en bærekraftig utvikling og sterkere fellesskap i hele Rogaland.Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai1.7. - 31.7.
Anbefalt